Hopp til hovedinnhold
Legg til favoritt
Innlandet

Avlastning barn og unge

Her finn du informasjon for deg som skal vere i praksis innan Avlastning barn og unge i Øystre Slidre kommune.

Smilende funksjonshemmet gutt i ni års alder som sitter i rullestol.Foto: Shutterstock
Om praksisplassen

Vi tilbyr avlastingstenester for barn og unge i eigne lokale. Her får dei eit trygt og godt tilrettelagt tilbod som tek omsyn til individuelle behov. Målet er å gi både barna og familiane deira nødvendig avlasting og støtte. Tenesta samarbeider tett med andre instansar, som skule og psykisk helse, for å sikre ei heilskapleg oppfølging

Praksis eller lærling hos oss

Vi tek imot studentar, elevar og lærlingar i helsefaglege utdanningar. Hos oss vil du få ei spennande og lærerik erfaring innan arbeid med menneske med ulike behov. Vi legg stor vekt på eit trygt og støttande læringsmiljø.

Hos oss får du:

  • God opplæring og tett rettleiing som gjer deg trygg i rolla di.
  • Praktisk erfaring med arbeid innan helse- og omsorgstenester.
  • Innsikt i fagleg arbeid, etiske vurderingar og profesjonell praksis.
  • Oppfølging frå erfarne og engasjerte fapersonar.

Vi ønskjer å bidra til at du utviklar kompetanse, opplever meistring og får ei djupare forståing for kva arbeid innan tilrettelagde tenester inneber. Målet er å ruste deg godt for vidare arbeid i fagfeltet og gi deg eit godt grunnlag for framtidig yrkesliv.

Praktisk informasjon
  • Oppmøteplass: Brennabakkin 3a, 2940 Heggenes.
  • Vi brukar privat tøy.
  • Arbeidstid: Turnus.
  • Telefonnummer tilrettelagde tenester: 61 35 25 90.

FacebookEmailPrint