Logg inn eller lag ny bruker for å legge til som favoritt
Førebygging og meistring
Her finn du informasjon for deg som skal vere i praksis innan Førebygging og meistring i Øystre Slidre kommune.
Foto: ShutterstockSmørkrøll
Smørkrøll er ei avdeling med 12 plassar for rehabilitering, korttidsopphald og avlasting. Her arbeider helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Vi har fokus på rehabilitering, meistring og behandling i trygge rammar.
Heimetenesta
Heimetenesta gir tilbod til personar som bur heime, anten i eigen bustad eller i omsorgsbustad. Her arbeider helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Vi har fokus på førebygging, eigameistring og tryggleik i heimen.
Fysioterapi og ergoterapi
Fysio- og ergoterapeutane er lokaliserte på helsetunet. Dei jobbar tverrfagleg med avdelingane og samarbeider tett med heimetenesta. Dei bidreg til rehabilitering og meistring i kvardagen.
Å vere i praksis eller lærling hos oss
På Smørkrøll og i heimetenesta tek vi imot elevar, studentar og lærlingar i helsefaglege utdanningar. Fysioterapistudentar og ergoterapistudentar kan ha praksis innanfor fysioterapi og ergoterapi.
Hos oss får du eit godt læringsmiljø, tett oppfølging og høve til fagleg utvikling i trygge rammer. Du vil møte dyktige og kunnskapsrike tilsette med fokus på heilskapleg omsorg, tryggleik for pasientane og høg fagleg kvalitet.
Praktisk informasjon
- Helsetunet har eige arbeidstøy som du får låne, men du må ha med gode sko.
- Det er eige garderobe.
- Moglegheit for kjøp av mat i kantine.
- Turnus.
- Du kan ta kontakt med Helsetunet på telefon: 61 34 28 70.


