Hopp til hovedinnhold
Legg til favoritt
Innlandet

Heimebasert omsorg

Her finn du informasjon for deg som skal vera i praksis i heimebasert omsorg.

Senior kvinne i samtale med ung, mannlig pleier.Foto: Shutterstock

Heimebasert omsorg består av avdelingane heimesjukepleie, praktisk bistand (heimehjelp) og dagsenter for heimebuande personar med hukommelsessvikt.

Heimesjukepleie

Heimesjukepleia og praktisk bistand finn du i 1. etasje på Lom helseheim, berre eit steinkast frå Lom sentrum.

Vi i heimesjukepleia i Lom har som mål å førebyggje, behandle og leggje til rette for meistring av sjukdom, skade, liding og nedsett funksjonsevne. Vi legg òg til rette for omsorg ved livets slutt i heimen. Hjå oss finn du eit inkluderande, fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø med mange dyktige tilsette og god takhøgd. I heimesjukepleia er det ulik kompetanse beståande av helsefagarbeidarar,  sjukepleiarar med og utan vidareutdanning. Fleire av desse har eigne ansvarsområde, der dei har avsett tid på eigne dagar til oppfølging av kreftpasientar, palliasjon og velferdsteknologi.

Heimehjelp (praktisk bistand)

Heimehjelpa skal bidra til at brukaren kan klare seg mest mogleg sjølv, oppleve trivsel og bu lengst mogleg i eigen heim.

Å gjeva praktisk bistand vil seie at vi arbeider for å sikre brukaren hjelp etter vedtak, ved å dekkje viktige behov som vedkomande sjølv ikkje er i stand til å ta vare på, anten for ein kortare eller lengre periode. Dette kan vere nødvendig reinhald av bustad, oppvask og klesvask, handling, ernæringsarbeid og bistand til personleg hygiene og dusj.

Dagsenter

Dagsenter for heimebuande personar med hukommelsessvikt finn du i «pensjonatet», rett ved Lom helseheim. Dagsenteret er organisatorisk lagt under heimesjukepleia, og her har hukommingskoordinatoren det faglege ansvaret. Dette er eit tilbod til personar som bur heime og som har ein demensdiagnose, eller er under utgreiing.

Målet med dagsentertilbodet er å gjeve brukarane opplevingar av meistring gjennom aktivitetar, sosialt samvær, trivsel og tryggleik. Aktivitetane skal bidra til å halde ved like funksjonsnivået til brukarane. Tilbodet kan òg fungere som avlasting for pårørande.

Her kan du lese mer om Dagsenteret.

Her kan du lese om Hukommelses teamet.

Å vera i praksis hjå oss

Vi tek imot elevar, lærlingar, sjukepleiestudentar og andre innan helse- og sosialfag. Det varierer til kvar tid kor mange elevar og studentar tenesta kan ha, dette for å sikre best mogleg oppfølging. Du er velkommen til å ta kontakt med oss!

Hjå oss vil du møte ein variert og spennande arbeidskvardag. Tenestene ytast i brukarens heim, noko som gjev eit innblikk i korleis helse, livssituasjon og omgivelsar heng saman. Du vil møte brukarar i ulike aldrar med samansette behov, som kroniske sjukdomar, akutte tilstandar, rehabilitering, lindrande og palliativ behandling. Arbeidet er sjølvstendig, men samtidig ein del av eit tverrfagleg samarbeid med blant anna legar, fysioterapeut og pårørande. Du vil også bli kjent med korleis  tenesta organiserast, prioriterast  og dokumenterast.

Tenestene har i det daglege eit nært og tett samarbeid, til beste for brukarane, og for ei best mogleg utnytting av kompetanse og personellressursar. Fagkompetansen er høg i eininga, og vi arbeider kontinuerleg og målretta for å sikre brukarane eit heilskapleg tilbod med stort fokus på fag, fagutvikling, brukarttryggleik og kvalitetsforbetring.

Hjå oss får du utvikle både fagleg og personlege ferdigheiter. Du vil blant annet lære:

  • Grunnleggjande behov
  • Observasjon, vurdering og oppfølging i brukaren sin heim
  • Medikamenthandtering i tråd med gjeldande retningslinjer.
  • Ernæringsarbeid
  • Sårbehandling
  • Kommunikasjon med brukarar og pårørande i ulike livssituasjonar
  • Dokumentasjon og bruk av elektroniske journalsystem
  • Tverrfagleg samarbeid og koordinering av tenester
  • Etisk refleksjon og fagleg grunngjevne avgjerder

Praksis hjå oss gjev god trening i sjølvstendigheit, ansvar og klinisk blikk.

Vi legg stor vekt på god oppfylging og veiledning gjennom heile praksisperioda.  Du får tildelt ein hovudrettleiar som har ansvar for dagleg oppfylging og fagleg utvikling. 

Vi tilstrebjer eit trygt og inkluderande læringsmiljø, der det er rom for spørsmål, refleksjon og fagleg utvikling.

Praktisk informasjon

Arbeidstid:
Heimesjukepleie: Tilsette arbeider i tredelt turnus med arbeid inntil tredje kvar helg. Vi har ei langvakt per helg som arbeider kvar fjerde helg i turnus.

Heimehjelp og Dagsenteret: Dagtidarbeid på vekedagar, men fleire tilsette inngår i turnus i heimesjukepleia med arbeid kvar tredje helg.

Arbeidstøy:
Vi bruker kommunalt arbeidstøy, som består av kittel og bukser.  Dersom det er kaldt, bør du ha privat ull undertøy. Ta med deg gode sko, f.eks. joggesko og ei jakke, som du bruker på vakt.

Mat:
Det er kantine i andre etasje på Lom helseheim, der du kan kjøpe deg lunsj om du ynskjer.

Kontaktinformasjon

  • Adresse: Krokamyrvegen 18, 2686 Lom.
  • Avdelingsleiar heimebasert omsorg: 474 60 296
  • Avdelingssjukepleiar: 90210412

FacebookEmailPrint