Logg inn eller lag ny bruker for å legge til som favoritt
Heimesjukepleie i Vang kommune
Her finn du informasjon for deg som skal vere i praksis i heimesjukepleie i Vang kommune.
Foto: ShutterstockOm heimesjukepleie
Heimesjukepleie er delt i tre soner. Kontoret er på sjukeheimen.
Heimesjukepleie blir ytt til akutt og kronisk sjuke, utan omsyn til alder og økonomi, som bur eller har mellombels opphald i kommunen.
Heimesjukepleie er ei heildøgnsteneste. Tenesta gjev hjelp til personar som ikkje greier seg sjølve i det daglege, og som har eit reelt behov for nødvendig helsehjelp.
Ein legg tilrette for at innbyggjarane skal bli buande i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Målet er å gje individuelt tilpassa tenester etter behov, utan omsyn til alder, diagnose eller bustad i Vang.
Heimesjukepleie blir gjeve til personar utan omsyn til alder, som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade treng hjelp til pleie og omsorg.
Teamet i heimesjukepleia
I teamet jobbar helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Lærlingar i helsearbeidarfaget og erfarne assistentar er og ein del av teamet.
Teamet jobbar tett saman med, kortidsavdelinga, fysioterapeut, ergoterapeut og lege. Valdres legevakt er tilgjengeleg utover dagtid og i helgane.
Å vere i praksis hos oss
Du blir teken godt imot når du kjem i praksis hos oss. Våre rettleiarar legg vekt på å skape ein trygg og god læringsarena.
Døme på oppgåver i tenesta:
- Hjelp til personleg stell
- Hjelp ved måltid
- Hjelp ved forflytting
- Hjelp til bruk av medikament (også intravenøs), injeksjonar, sårstell, stomistell, blodprøvetaking, m.m.
- Formidling av behov for hjelpemiddel
- Tilsyn og fagleg vurdering
- Rettleiing til personar og pårørande i høve til demens, andre diagnoser eller livssituasjonar
- Utrykking ved bruk av tryggleiksalarm
- Stell og pleie i heimen ved alvorleg sjukdom
- Heimesjukepleia kan og yte hjelp til ei verdig livsavslutning
Kva for oppgåver du kan utføre i praksis, kjem an på om du er elev, lærling eller student, og kor langt du har kome i utdanninga di.
I Vang, som er ein distrikskommune, lærer du å jobba sjølvstendig. Den som er sjukepleiarstudent, vil erfare at faglege vurderingar som sjukepleiar gjer, er viktige for å kunne kommunisere med lege eller sjukehusbehandlar som er langt unna.
Praktisk informasjon
- Heimesjukepleie har kontor på sjukeheimen
- Så fort praksisen er planlagd får du kontaktinformasjon og informasjon om oppmøtestad.
- Du får låne arbeidsklede, men du må ta med eigne sko.
- Du må sjølv sørgje for eigen mat.
- Tenestene våre blir delvis utførte spreidd over bygda. Bilsertifikat er viktig, men ikkje pålagt for dei som er i praksis.


