Logg inn eller lag ny bruker for å legge til som favoritt
Heimetenesta
Her finn du informasjon for deg som skal vere i praksis i heimetenesta i Vestre Slidre kommune.
Foto: ShutterstockOm praksisplassen
Heimetenesta er delt i tre område: Lomen, Slidre og Røn. Pasientgruppa vår omfattar personar i alderen 0 til 100 år. Hjelpebehovet varierer mykje, avhengig av helsetilstand og livssituasjon.
I tillegg til heimebuande pasientar har vi eit tun med omsorgsbustader sentralt i Slidre, der heimetenesta yter tenester til nokre av bebuarane.
Tryggingsbustad:
Tryggingsplass i omsorgsbustad i Kroken er eit tilbod til eldre og andre personar som bur i eigen bustad og greier seg sjølve i kvardagen, men som av ulike grunnar opplever situasjonen her og no som vanskeleg. Tryggingsplass kan innvilgast for inntil 14 dagar om gongen. Heimetenesta kjem innom for tilsyn etter behov.
Å vere i praksis hos oss
I praksisperioden vil du som regel ha to rettleiarar.
Mange av pasientane i heimetenesta treng hjelp til daglegdagse gjeremål. Du vil erfare at arbeidsoppgåvene er varierte. Mellom anna hjelper vi til med personleg stell, utfører medisinske prosedyrar, fører tilsyn og gjev oppfølging, tryggleik og omsorg.
Praktisk informasjon
- Heimetenesta held til i ein eigen fløy i underetasjen på helsetunet i kommunen. Besøksadresse: Tunvegen 14, 2966 Slidre.
- For kontakt med heimetenesta kan du ringje sentralbordet i kommunen på 61 34 50 00 og velje vidare i menyen for å kome i kontakt med avdelinga.
- Arbeidsklede får du låne hos oss, men det er lurt å ta med gode sko.
Første dag i praksis
- Første dagen i praksis vert du teken imot av hovudrettleiar eller avdelingsleiar.
- Før praksisperioden startar, får du informasjon om når og kvar du skal møte, og kven som skal ta imot deg.


