Logg inn eller lag ny bruker for å legge til som favoritt
Langtidsopphald Vangsheimen
Her finn du informasjon for deg som skal vere i praksis i avdeling for langtidsoppphald på sjukeheimen.
Foto: ShutterstockOm langtidsopphald
Vangsheimen har to avdelingar for langtidsopphald.
- Avdeling Midtgarden har 8 rom til personar med demens/kognitiv svikt.
- Avdeling Nordigarden har 8 rom til pasientar med somatiske sjukdommar og lettare kognitivt svikt
Langtidsopphald i sjukeheim er eit omfattande pleietilbod til personar som har behov for pleie- og omsorgstenester 24 timar i døgnet. Det kan vera som følgje av kronisk sjukdom, langvarig funksjonssvikt, demenssjukdom eller når andre pleie- og omsorgstenester ikkje er tilstrekkelege i heimen til pasienten. Pasientar som over tid har omfattande pleie-, behandlings- og / eller omsorgsbehov kan få langtidsopphald på sjukeheimen.
Pasientar får regelmessig oppfølging av tilsynslege, og elles etter fagleg vurdering. Tenesteinnhaldet utarbeidast i samarbeid med den enkelte pasient og pårørande.
Teamet på langtidsopphald
I teamet jobbar helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Lærlingar i helsearbeidarfaget og erfarne assistentar er og ein del av teamet.
Teamet jobbar tett saman med, kortidsavdelinga, fysioterapeut, ergoterapeut og lege. Valdres legevakt er tilgjengeleg utover dagtid og i helgane.
Å vere i praksis hos oss
Du blir teken godt imot når du kjem i praksis hos oss. Våre rettleiarar legg vekt på å skape ein trygg og god læringsarena.
Me gir individuell tilpassa hjelp til pasientane ut frå faglege vurderingar, som hjelp til personleg stell, hjelp ved måltid, hjelp ved forflytting, hjelp til bruk av medikament (også intravenøs), injeksjonar, sårstell, stomistell, og blodprøvetaking. Me bidreg òg med hjelp til å søkje verge.
Kva for oppgåver du kan utføre i praksis, kjem an på om du er elev, lærling eller student, og kor langt du har kome i utdanninga di.
I Vang, som er ein distrikskommune, lærer du å jobba sjølvstendig. Den som er sjukepleiarstudent, vil erfare at faglege vurderingar som sjukepleiar gjer, er viktige for å kunne kommunisere med lege eller sjukehusbehandlar som er langt unna.


