Logg inn eller lag ny bruker for å legge til som favoritt
Miljøterapitenesta
Her finn du informasjon for deg som skal være i praksis i Miljøterapitenesta i Vågå kommune.
Foto: ShutterstockOm praksisplassen
Miljøterapitenesta i Vågå kommune er ei teneste for personar over 18 år med psykisk utviklingshemming og/eller psykiske lidingar. I tillegg har vi avlastingstilbod for personar under 18 år.
Tenesta er delt inn i tre avdelingar: Eksismoen og Finntunet er to bufellesskap som ligg i sentrum. Solhaug dagsenter ligg i Sjårdalen.
Å vera i praksis hos oss
Vi kan ta imot deg som er elev, lærling eller student innan helse- og sosialfagleg utdanning.
Hjå oss vil du møte eit levande fagmiljø med engasjerte og dyktige tilsette. Å arbeide i miljøterapitenesta er ein interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
Vi skal sørgje for at kvar brukar har ein trygg og føreseieleg kvardag med størst mogleg grad av sjølvstende og meistring av eige liv. Difor er tilbodet individuelt tilrettelagt ut frå den enkelte sine føresetnader og behov.
Dette kan mellom anna innebere:
- kartlegging av hjelpebehov
- personleg stell og omsorg
- opplæring og vedlikehald av ADL-ferdigheiter
- administrering av legemiddel
- støttesamtalar
I tillegg fylgjer vi opp fritidsaktivitetar ut frå interesser og funksjonsnivå, samt tilbyr tilrettelagt arbeid og aktivitet.
Praktisk informasjon
Arbeidsklede:
- Vi brukar private klede. Vi tilrår at du ikkje brukar dei finaste kleda dine på jobb.
- Om sommaren bør ein vere merksam på bekledning; unngå korte shortser og skjørt.
- Bruk gode sko og praktiske klede som passar til arbeidsoppgåvene.
- Det finst stellefrakkar og liknande til utlån ved stell og andre oppgåver der det er aktuelt å bruke dette.
Mat:
Vi har eige personalrom med kjøkken der tilsette kan trekkje seg attende og eta i matpausen. Der er det eige kjøleskap som du kan nytte. Det er viktig at all mat er merkt med namn.
Det er òg mogleg å nytte komfyr og steikeomn.
Arbeidstid:
Vi arbeider i turnus med dag- og kveldsvakter. Dagvakt 07:30 – 15:00, Aftenvakt 14:45 – 21:00/22:00/23:00. Vi har eigne tilsette som arbeider nattevakter.
Nokre tilsette arbeider kvar tredje helg med vakter på 7,5 til 8,45 timar. Andre arbeider kvar fjerde helg med vakter på 12,5 timar.
Kontaktinformasjon:
- Telefon: 61 29 36 00 (sentral bord)
- Telefon Finntunet: 95 1679 65
- Telefon Eksismoen 91 72 52 13


