Hopp til hovedinnhold
Legg til favoritt
Innlandet

Psykisk helse og rus

Her finn du informasjon for deg som skal vere i praksis innan psykisk helse og rus i Vestre Slidre kommune.

Støttende hånd mot en skulder.Foto: Shutterstock
Om praksisplassen

Psykisk helse- og rusteneste er eit lågterskeltilbod. Det er ikkje krav om tilvising frå lege for å ta kontakt. Inntaksvurdering vert gjennomført éin gong i veka i samarbeid med kommunepsykologen i Øvre Valdres.

Tenesta gir hjelp og bistand til menneske i kriser eller vanskelege livssituasjonar, menneske med milde eller moderate psykiske utfordringar eller lidingar, og menneske med rusrelaterte problemstillingar.

Målet med tenesta er å fremje god psykisk helse, førebyggje og redusere problemutvikling, samt styrkje meistring av eige liv.

Tenesta kan tilby:

  • Individuelle samtalar
  • Gruppebehandling
  • Nettverksmøte
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Samarbeidsmøte og koordinering av individuell plan
  • Førebyggjande og opplysande tenester
  • Rettleiing til menneske i alle aldersgrupper, pårørande og samarbeidande tenester i kommunen
Å vere i praksis hos oss

Som elev, lærling eller student hos oss får du erfaring med relasjonsarbeid, samtaleteknikk, vurdering av psykisk helse og tverrfagleg samarbeid.

Tenesta samarbeider med andre tenester i kommunen om praksisplassar. Det inneber at du kan ha praksis både i psykisk helse- og rusteneste og i andre tenester som følgjer opp personar med behov for bistand innan psykisk helse, til dømes individuelt tilrettelagde tenester.

Praktisk informasjon
  • Vi held til i bankbygget i Slidre.
  • Vi brukar privattøy.
  • Arbeidstida er frå 08.00 til 15.30.

Første dag i praksis

  • Første dagen i praksis vert du møtt av rettleiaren din og får ei kort innføring i arbeidsoppgåver og rutinar.
FacebookEmailPrint