Logg inn eller lag ny bruker for å legge til som favoritt
Rus og psykisk helseteneste
Her finn du informasjon for deg som skal vera i praksis i rus og psykisk helseteneste.
Foto: ShutterstockOm praksisplassen
Dette er ei lågterskelteneste der målgruppa er alle frå ungdomsskulealder og oppover. Tenesta er eit samarbeid mellom Lom og Skjåk kommune, og omfattar personar som bur eller oppheld seg her. Rus og psykisk helse i Lom har kontor på gamle Loar, midt i Lom sentrum.
Dei vanlegaste problemstillingane vi arbeider med er angst, depresjon, stress, rus eller samansette helseutfordringar som gjer det vanskeleg å fungere i kvardagen, både heime og på jobb. Vi er òg tilgjengelege for samtalar ved livskriser, akutte hendingar eller sjukdom.
Vi samarbeider ved behov med mellom anna NAV, fastlege, fysioterapeut og heimesjukepleie.
Det er også eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vågå, Lom og Skjåk om kommunepsykolog – der Lom er vertskommune.
Å vera i praksis hjå oss
Vi ynskjer helst tredje års sjukepleiarstudentar som skal ut i praksis innan rus og psykisk helse, samt studentar som tek vidareutdanning- tverrfagleg rus og psykisk helseutdanning.
Som student hjå oss vil du få ein rettleiar som er utdanna sjukepleiar og som har vidareutdanning rus og psykisk helse. Rettleiar vil følgje deg tett opp, med avsett tid til rettleiing og evaluering.
Hjå oss får du innsikt i korleis kommunal psykisk helseteneste følgjer opp personar med milde til moderate psykiske helseutfordringar. Vi har mykje samtaler ein til ein både på kontor og ved heimebesøk, men også mykje fokus på tverrfagleg samarbeid og ansvarsgruppejobbing. For dei dårlegaste pasientane lærer du samhandling mellom første- og andre linetenesta.
Som student hjå oss forventar vi at du er aktivt undrande og nysgjerrig og har evne til å stå i det vanskelege og uforutseielege. Det er også forventa at du har stor toleranse og respektfull åtferd i møte med personar i ulike livssituasjonar.
Praktisk informasjon
Klede:
Vi nyttar vanlege klede.
Mat:
Ta med eigen niste.
Kontaktinformasjon:
- Bergomsvegen 29, 2686 Lom
- Leiar psykisk helsearbeid: 481 49 062


