Hopp til hovedinnhold
Legg til favoritt
Innlandet

Rus og psykisk helseteneste

Her finn du informasjon for deg som skal vera i praksis innan rus og psykisk helseteneste i Skjåk kommune.

Støttende hånd mot en skulder.Foto: Shutterstock
Om praksisplassen

Dette er ei lågterskelteneste, og målgruppa er alle frå ungdomsskulealder og oppover. Tenesta er eit samarbeid mellom kommunane Lom og Skjåk, og omfattar personar som bur eller oppheld seg her. Rus og psykisk helse i Lom og Skjåk har kontor på gamle Loar, midt i Lom sentrum.

Dei vanlegaste problemstillingane vi arbeider med er angst, depresjon, stress, rus eller samansette helseutfordringar som gjer det vanskeleg å fungere i kvardagen, både heime og på jobb. Vi er òg tilgjengelege for samtalar ved livskriser, akutte hendingar og sjukdom.

Ved behov samarbeider vi mellom anna med NAV, fastlege, fysioterapeut og heimesjukepleie.

Det er òg eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vågå, Lom og Skjåk om kommunepsykolog, der Lom er vertskommune.

Å vera i praksis hjå oss

Vi ynskjer helst tredje års sjukepleiarstudentar som skal ut i praksis innan rus og psykisk helse, samt studentar som tek vidareutdanning innan tverrfagleg rus og psykisk helse.

Som student hjå oss vil du få ein rettleiar som er utdanna sjukepleiar og som har  vidareutdanning innan rus og psykisk helse. Rettleiaren vil følgje deg tett opp, med avsett tid til rettleiing og evaluering.

Hjå oss får du innsikt i korleis kommunal psykisk helseteneste følgjer opp personar med milde til moderate psykiske helseutfordringar. Det blir gjennomført mange samtalar ein til ein, både på kontor og ved heimebesøk. Det er òg mykje fokus på tverrfagleg samarbeid og arbeid i ansvarsgrupper. Med dei mest alvorleg sjuke pasientane vil du få innsikt i samhandling mellom første- og andrelinjetenesta.

Som student hjå oss forventar vi at du er aktivt undrande og nysgjerrig. Du må ha evne til å stå i det vanskelege og uforutsigbare. Det er forventa at du har stor toleranse og respektfull åtferd i møte med personar i ulike livssituasjonar.

Praktisk informasjon

Arbeidstid

  • Rus og psykisk helse jobbar frå 08.00-15.30  måndag til fredag.

Klede

  • Vi nyttar private klede.

Mat

  • Ta med eiga niste.

Kontaktinformasjon

  • Adresse: Bergomsvegen 29, 2686 Lom
  • Leiar psykisk helsearbeid: 481 49 062

FacebookEmailPrint