Hopp til hovedinnhold
Legg til favoritt
Innlandet

Skjåkheimen

Her finn du informasjon for deg som skal vera i praksis på Skjåkheimen.

Nærbilde av eldre person sine hender som holder i en liten bukett markblomster.Foto: Shutterstock
Om praksisplassen

Skjåkheimen ligg midt i kommunesenteret Bismo. Dette er ein sjukeheim med 24 plassar. Her er det både langtids- og korttidsplassar, avlasting og rehabilitering.

Avdelingane ved Skjåkheimen er Framstugu, Bakstugu og Skeiro. Skeiro er ei skjerma avdeling for personar med demens og har seks plassar.

I same bygg som Skjåkheimen ligg det 14 heildøgns omsorgsbustader som blir betente av heimetenesta.

Kvar veke har vi tverrfaglege vurderingsmøte med representantar frå institusjon og heimesjukepleie, lege, ergo-/fysioterapeut, saksbehandlar og tenesteleiar.

Vi har fast legevisitt to gonger i veka.

Vi har eige kjøkken som lagar god tradisjonsmat frå botnen av.

På Skjåkheimen finn du òg eit dagsenter for personar med demens, som er ope to dagar i veka, samt ein sansehage med høner og ein huskatt.

Det er mange aktivitetar for dei som bur på Skjåkheimen og i omsorgsbustadene, som kino, bingo, ulike utflukter, barkveldar og liknande.

Vi har eiga Facebook-side, «Pleie og Omsorg Skjåk», der vi legg ut glimt frå dei ulike aktivitetane våre.

Å væra i praksis hjå oss

På Skjåkheimen tek vi imot elevar, lærlingar og studentar innan helse- og sosialfag.

Hjå oss blir du ein del av kvardagen i ein kommunal institusjon, der vi arbeider for å gi trygge og gode helse- og omsorgstenester til bebuarane våre.

Hjå oss vil du møte ein variert kvardag med mange ulike oppgåver. På grunn av avstanden til sjukehus utfører vi mange undersøkingar og prosedyrar lokalt. Dette gjev deg gode moglegheiter for brei læring og praktisk erfaring.

Du vil i hovudsak følgje ein fast rettleiar innan ditt fagområde. Samstundes legg vi til rette for at du kan få erfaring frå ulike situasjonar og samarbeide med fleire tilsette, slik at du får eit breitt innblikk i arbeidet ved Skjåkheimen.

Vi ønskjer at du skal oppleve meistring og fagleg utvikling hjå oss. Derfor tilpassar vi opplæringa til føresetnadene dine og måla for praksisperioden.

For at praksisperioden skal bli best mogleg, forventar vi at du:

  • møter presis og er førebudd til avtalte vakter
  • gir beskjed i god tid dersom du ikkje kan møte
  • følgjer retningsliner for arbeidstøy og hygiene (hår, negler og smykke)
  • viser respekt for bebuarar, pårørande og kollegaer
  • er open, positiv og lærevillig
  • tek ansvar for eiga læring og spør når du er usikker
Praktisk informasjon

Arbeidstid

  • Tredelt turnus med dagvakt (07.30–15.00), kveldsvakt (14.30–22.00) og nattevakt (22.15–07.45).
  • Vi har også langvakter både på vekedagar og i helger (08.30–21.00). Det er ikkje eit krav at du som student skal gå langvakter, men du får moglegheit til å prøve dersom du ønskjer det.

Arbeidstøy

  • Vi har eiga garderobe med utlån av arbeidstøy.
  • Du må ta med eigne sko, til dømes joggesko eller helsesko/sandalar.

Mat

  • Det er eige kjøkken på Skjåkheimen med kantine som alle kan nytte til å kjøpe lunsj eller middag.

Kontaktinformasjon

  • Adresse: Skeisvegen 1, 2690 Skjåk
  • Sentralbord Skjåkheimen: 488 94 046
  • Avdelingssjukepleiar: 481 44 467

FacebookEmailPrint