Logg inn eller lag ny bruker for å legge til som favoritt
Tilrettelagde tenester
Her finn du informasjon for deg som skal vere i praksis i tilrettelagde tenester i Vestre Slidre kommune.
Foto: ShutterstockOm praksisplassen
Individuelt tilrettelagde tenester gir tenester til menneske med psykiske, fysiske og sosiale funksjonsnedsetjingar som har behov for tilrettelagd bistand i dagleglivet.
Målet er å bidra til at den einskilde får moglegheit til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha ein aktiv og meiningsfull kvardag.
Tenestene kan til dømes omfatte praktisk bistand og burettleiing i heimen, dagsenter med nettverksbygging og aktivitetar, eller heildøgns omsorg. Alle tenester vert ytte etter vedtak.
Alle som mottek tenester, har enkeltvedtak baserte på kartlegging av individuelle behov for bistand og opplæring.
Å vere i praksis hos oss
I praksis hos oss vil du møte brukarar med ulike behov for bistand og oppfølging. Du vil få innblikk i korleis tenestene vert planlagde og gjennomførte på grunnlag av individuelle vedtak og behov.
Vi arbeider ut frå at alle menneske har ressursar som det kan byggjast vidare på. Individuell plan, koordinering og ansvarsgrupper er sentrale arbeidsmetodar som du vil bli kjend med i løpet av praksisperioden.
Praktisk informasjon
- Adresse: Sjukeheimsvegen 5. 2966 Slidre.
- Du kan ta kontakt på tlf: 902 89 589.
- Vi brukar private sko og klede. Vi har noko klede og innesko til utlån.
- Det er eigen garderobe.
- Du må ta med eigen mat.
- Vi arbeider i turnus med dag- og kveldsvakter, langvakter og døgnvakter.
- Første dag i praksis får du tildelt ein fadder som vil vere hovudkontaktpersonen din gjennom heile praksisperioden.


