Logg inn eller lag ny bruker for å legge til som favoritt
Tilrettelagde tenester i Vang kommune
Her finn du informasjon for deg som skal vere i praksis i tilrettelagde tenester.
Foto: ShutterstockOm tilrettelagde tenester
Tilrettelagde tenester er delt i 2 soner i kommunen.
I tillegg til mange tenester som nyttes direkte i private heimar har me òg bukollektiv, avlastning/barneavlastning og arbeids/aktivitetssenter.
I tillegg finns andre roller som bistår i private heimar som til dømes personleg assistent.
Tilrettelagde tenester blir ytt til menneske med behov for bistand, utan omsyn til alder og økonomi, som bur eller har mellombels opphald i kommunen.
Tilrettelagde tenester er ei heildøgnsteneste. Tenesta gjev bistand til personar som ikkje greier seg sjølve i det daglege, og som har eit reelt behov for nødvendig helse- og omsorgshjelp.
Ein legg til rette for at innbyggjarane skal bli buande i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Målet er å gje individuelt tilpassa tenester etter behov. Kvar enkelt skal har moglegheit for meistring og sjølvstende i eiget liv.
Tilrettelagde tenester nyttar målretta miljøtiltak der det er behov. Dette er individuelt tilpassa. Brukarmedverknad står høgt i fokus, jamfør CRPD.
Teamet i tilrettelagde tenester
I teamet jobbar assistentar, helsefagarbeidare, sjukepleiare, miljøterapeutar og vernepleiarar. I tillegg er helsefagarbeidarar under utdanning og ein del av teamet.
Teamet jobbar tett saman med andre omsorgstenester, skule/barnehage, Habiliteringstenesten sjukehus Innlandet, PPT og BUP.
Å vere i praksis hos oss
Du blir teken godt imot når du kjem i praksis hos oss. Våre rettleiarar legg vekt på å skape ein trygg og god læringsarena.
Døme på oppgåver i tenesta
- Hjelp til alle daglege gjeremål der ein treng bistand og tilrettelegging for å meistre kvardagen sjølv.
- Medikamenthandtering.
- Formidling av behov for hjelpemiddel.
- Kartlegging, fagleg vurdering og i gangsetting av tiltak. Rettleiing og evaluering. Utarbeiding og oppfølging av IP (Individuell plan).
- Nyttar dokumentasjonsverty som OMHU, Profil og ulik velferdsteknologi.
- Kollega-veiledning.
- Utarbeiding av eventuelle tvangsvedtak
- Kan inneha ansvar og oppgåver innan roller som koordinator og fagleg ansvarleg.
- Samarbeid med andre arenaer som arbeid/aktivitet, pårørande og spesialisthelsetenesten.
Kva for oppgåver du kan utføre i praksis, kjem an på om du er elev, lærling eller student, og kor langt du har kome i utdanninga di.
I Vang, som er ein distriktskommune, lærer du òg å arbeide sjølvstendig. Den som er vernepleiarstudent, vil erfare at faglege vurderingar som vernepleiar gjer, er viktige for å kunne kommunisere med ulike hjelpeinstansar.
Praktisk informasjon
- Så fort praksisen er planlagd får du kontaktinformasjon og informasjon om oppmøtestad.
- Du må sjølv sørgja for rette klede. Desse må vere praktiske og eigna for aktivitet.
- Verneutstyr er tilgjengeleg på arbeidssenteret.
- Du må sjølv sørgje for eigen mat.
- Tenestene våre blir delvis utførte spreidd over bygda. Bilsertifikat er viktig, men ikkje pålagt for dei som er i praksis.


