Hopp til hovedinnhold
Legg til favoritt
Innlandet

Tilrettelagde tenester

Her finn du informasjon for deg som skal vere i praksis i tilrettelagde tenester i Øystre Slidre kommune.

Ung kvinne med downs syndrom som baker, med bistand fra annen kvinne.Foto: Shutterstock
Brennbakkin

Dei tilrettelagde tenestene våre er retta mot vaksne brukarar som bur fast i eigen bustad. Vi gir individuelt tilpassa oppfølging der målet er å skape tryggleik, stabilitet og god livskvalitet i kvardagen

Arbeid og aktivitet

Vi tilbyr ein tilrettelagd arbeidsplass der mange av brukarane er i arbeid. Her får den enkelte høve til å vere aktiv i eit trygt og inkluderande miljø, med oppgåver tilpassa eigne ferdigheiter og interesser. Arbeid og aktivitet er ein viktig del av kvardagen og bidreg til auka meistring, struktur og deltaking i fellesskapet

Praksis eller lærling hos oss

Vi tek imot studentar, elevar og lærlingar i helsefaglege utdanningar. Hos oss vil du få ei spennande og lærerik erfaring innan arbeid med menneske med ulike behov. Vi legg stor vekt på eit trygt og støttande læringsmiljø.

Hos oss får du:

  • God opplæring og tett rettleiing som gjer deg trygg i rolla di.
  • Praktisk erfaring med arbeid innan helse- og omsorgstenester.
  • Innsikt i fagleg arbeid, etiske vurderingar og profesjonell praksis.
  • Oppfølging frå erfarne og engasjerte fapersonar.

Vi ønskjer å bidra til at du utviklar kompetanse, opplever meistring og får ei djupare forståing for kva arbeid innan tilrettelagde tenester inneber. Målet er å ruste deg godt for vidare arbeid i fagfeltet og gi deg eit godt grunnlag for framtidig yrkesliv.

Praktisk informasjon
  • Oppmøteplass: Brennabakkin 3a, 2940 Heggenes.
  • Vi brukar privat tøy.
  • Arbeidstid:
    • Brennbakkin: Turnus.
    • Arbeid og aktivitet: Dagtid.
  • Telefonnummer tilrettelagde tenester: 61 35 25 90.

FacebookEmailPrint