Logg inn eller lag ny bruker for å legge til som favoritt
Vågåheimen
Her finn du informasjon for deg som skal vere i praksis på Vågåheimen.
Foto: ShutterstockOm praksisplassen
Vågåheimen er ein sjukeheim med totalt 42 plassar. Desse plassane er mellom anna fordelte på korttids- og langtidsplassar, og ei eiga avdeling for personar med demens.
Vågåheimen har òg 16 heilt nye heildøgns omsorgsbustader (HDO).
Vi som arbeider ved Vågåheimen har eit stort spenn i både profesjonar og alder. Det er mykje aktivitet hjå oss, og vi samarbeider tverrfagleg med andre yrkesgrupper.
Vi har i tillegg dagsenter og aktivitetssenter med eigne aktivitørar, samt eige vaskeri.
Kjøkkenet vårt har dyktige tilsette som lagar all mat frå botnen av. Dette får vi nyte godt av i kantina, som er open for alle.
Vi har store og fine uteområde med ein nyetablert og flott hage.
Å vera i praksis hos oss
Vi kan ta imot deg som er elev, lærling eller student innan helse og sosialfagleg utdanning.
Når du skal ha di praksisperiode hjå oss, vil vi fyrst og fremst samarbeide med deg om å gje deg erfaring i praktiske arbeidsoppgåver og refleksjonar ut frå aktuelle mål i læreplanen. Du vil få gå saman med ein eller to rettleiarar som har eit ekstra ansvar for deg medan du er i praksis hjå oss. Denne personen vil stort sett vera same profesjon som den du sjølv utdannar deg til.
På korttidsavdelinga tilbyr vi avlastnings-, observasjons- og rehabiliteringsplassar, og kartleggingsplassar, alt etter behov. Her er det mellom anna pasientar med multiple, utfordrande diagnosar. Nokre treng tett oppfølging med palliasjon, symptomlindring og medikamentell behandling som intravenøs væskebehandling, antibiotika og oksygenbehandling.
Hjå oss vil du få ein variert praksis der vi har eit kontinuerleg og godt samarbeid med mellom anna tildelingskontoret og heimesjukepleia for å kunne nytte desse plassane best mogleg for pasientane.
Ved Vågåheimen forventar vi at du deltek aktivt i di praksisperiode ved at du syner interesse og stiller spørsmål undervegs. Vi forventar og at du møter utkvild og ferdig skifta på vaktrommet til vakta byrjar. Vi ynskjer at du gjev beskjed dersom du blir sjuk.
Praktisk informasjon
Arbeidsklede:
Vi nyttar kommunale arbeidsklede som du får låne. Ta med deg gode sko, som joggesko eller gode sandalar/helsesko.
Mat:
Det er kantine på Vågåheimen som tilbyr lunsj på kvardagar, samt eit lite utval kioskvarer.
Arbeidstid:
- Vi arbeider turnus med dag- og kveldsvakter.
- Dagvakt 07:30-15:00. Aftenvakt 14:45-22:00. Nattevakt 21:45-07:45.
- Dei fleste arbeider kvar tredje helg, medan nokre har langvakter kvar fjerde helg.
Kontaktinformasjon:
- Adresse: Moavegen 11A, 2680 Vågå
- Telefon: 476 15 700
Du er velkommen til å ta kontakt!


