Logg inn eller lag ny bruker for å legge til som favoritt
Vestre Slidre helsetun
Her finn du informasjon for deg som skal vere i praksis ved Vestre Slidre helsetun.
Foto: ShutterstockOm prakisplassen
Vestre Slidre helsetun har 20 institusjonsplassar fordelte på tre avdelingar. Desse omfattar korttidsplassar, langtidsplassar, rehabiliteringsplassar og avlastingsplassar. I tillegg har helsetunet heildøgnsbemanna omsorgsbustader med 12 plassar, fordelte på to avdelingar, for menneske med kognitiv svikt og/eller alderspsykiatriske utfordringar.
Å vere i praksis hos oss
Hos oss vil du mellom anna møte menneske med demens, alderspsykiatriske lidingar, somatiske sjukdomar og personar som er til opptrening og rehabilitering. I tillegg til å lære om sjukdomar hos eldre vil du òg få opplæring i sårstell, injeksjonar, hygieniske prinsipp, ernæring for eldre, legemiddel og legemiddelhandtering. Vi nyttar også velferdsteknologi på helsetunet.
I praksis har du ein plan for kva du ynskjer å lære medan du er hos oss. Denne kan du og rettleiaren din gå gjennom saman, og rettleiaren kan velje ut pasientar som er relevante i høve til det du ynskjer å lære meir om.
Vi forventar at du møter presis på jobb, er læreviljug og bidreg aktivt til eiga læring. Dersom du blir sjuk, må du ringje avdelinga og gi beskjed.
Praktisk informasjon
- Helsetunet ligg sentralt i omsorgstunet, nær Slidre sentrum.
- Arbeidsklede får du låne hos oss, men det er lurt å ta med gode sko.
- Det er mogleg å kjøpe mat i kantina på helsetunet.
- Telefonnummer til helsetunet: 61 34 36 60.
Fyrste dag i praksis
- Fyrste dag i praksis møter du opp ved hovudinngangen. Der vil du bli teken imot av hovudrettleiar eller avdelingsleiar.
- Du vil på førehand få informasjon om når og kvar du skal møte, og kven som tek imot deg.
Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til oss og ser fram til å bli kjende med deg i praksisperioden. Vi håpar du får ei lærerik og spennande tid ved Vestre Slidre helsetun.


