Hopp til hovedinnhold
Legg til favoritt
Innlandet

Heimesjukepleie i Vang kommune

Her finn du informasjon for deg som skal vere i praksis i heimesjukepleie i Vang kommune.

Pleier måler blodtrykk på eldre mann.Foto: Shutterstock

Om heimesjukepleie

Heimesjukepleie er delt i tre soner. Kontoret er på sjukeheimen.

Heimesjukepleie blir ytt til akutt og kronisk sjuke, utan omsyn til alder og økonomi, som bur eller har mellombels opphald i kommunen.

Heimesjukepleie er ei heildøgnsteneste. Tenesta gjev hjelp til personar som ikkje greier seg sjølve i det daglege, og som har eit reelt behov for nødvendig helsehjelp.

Ein legg tilrette for at innbyggjarane skal bli buande i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Målet er å gje individuelt tilpassa tenester etter behov, utan omsyn til alder, diagnose eller bustad i Vang.

Heimesjukepleie blir gjeve til personar utan omsyn til alder, som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade treng hjelp til pleie og omsorg.

Teamet i heimesjukepleia

I teamet jobbar helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Lærlingar i helsearbeidarfaget og erfarne assistentar er og ein del av teamet.

Teamet jobbar tett saman med, kortidsavdelinga, fysioterapeut, ergoterapeut og lege. Valdres legevakt er tilgjengeleg utover dagtid og i helgane.

Å vere i praksis hos oss

Du blir teken godt imot når du kjem i praksis hos oss. Våre rettleiarar legg vekt på å skape ein trygg og god læringsarena.

Døme på oppgåver i tenesta:

  • Hjelp til personleg stell
  • Hjelp ved måltid
  • Hjelp ved forflytting
  • Hjelp til bruk av medikament (også intravenøs), injeksjonar, sårstell, stomistell, blodprøvetaking, m.m.
  • Formidling av behov for hjelpemiddel
  • Tilsyn og fagleg vurdering
  • Rettleiing til personar og pårørande i høve til demens, andre diagnoser eller livssituasjonar
  • Utrykking ved bruk av tryggleiksalarm
  • Stell og pleie i heimen ved alvorleg sjukdom
  • Heimesjukepleia kan og yte hjelp til ei verdig livsavslutning

Kva for oppgåver du kan utføre i praksis, kjem an på om du er elev, lærling eller student, og kor langt du har kome i utdanninga di.

I Vang, som er ein distrikskommune, lærer du å jobba sjølvstendig. Den som er sjukepleiarstudent, vil erfare at faglege vurderingar som sjukepleiar gjer, er viktige for å kunne kommunisere med lege eller sjukehusbehandlar som er langt unna.

Praktisk informasjon
  • Heimesjukepleie har kontor på sjukeheimen
  • Så fort praksisen er planlagd får du kontaktinformasjon og informasjon om oppmøtestad.
  • Du får låne arbeidsklede, men du må ta med eigne sko.
  • Du må sjølv sørgje for eigen mat.
  • Tenestene våre blir delvis utførte spreidd over bygda. Bilsertifikat er viktig, men ikkje pålagt for dei som er i praksis.

FacebookEmailPrint