Hopp til hovedinnhold
Legg til favoritt
Innlandet

Vågåheimen

Her finn du informasjon for deg som skal være i praksis på Vågåheimen.

Eldre dame med briller ser smilende mot en helsearbeider.Foto: Shutterstock
Om praksisplassen

Vågåheimen er ein sjukeheim med 42 plassar totalt. Desse plassane er fordelt på blant anna korttids- og langtidsplassar, samt ei eiga avdeling for personar med demens.

Vågåheimen rommar òg 16 heilt nye heildøgns omsorgsbustader (HDO).

Vi som arbeider ved Vågåheimen har eit stort spenn i både profesjonar og alder. Det er mykje aktivitet hjå oss, og vi samarbeider tverrfagleg med andre yrkesgrupper.

Vi har i tillegg dagsenter og aktivitetssenter med eigne aktivitørar, samt eige vaskeri.

Kjøkkenet vårt har dyktige tilsette som lagar all mat frå botnen av. Dette får vi nyte godt av i kantina, som er open for alle.

Vi har store og fine uteområde med ein nyetablert og flott hage.

Å vera i praksis hos oss

Vi kan ta imot deg som er elev, lærling eller student innen helse og sosialfaglig utdanning.

Når du skal ha di praksisperiode hjå oss, vil vi fyrst og fremst samarbeide med deg om å gje deg erfaring i praktiske arbeidsoppgåver og refleksjonar ut frå aktuelle mål i læreplanen. Du vil få gå saman med ein (eller to) veiledar som har eit ekstra ansvar for deg medan du er i praksis hjå oss. Denne personen vil stort sett vera same profesjon som den du sjølv utdannar deg til.

På korttidsavdelinga tilbyr vi avlastnings-, observasjons- og rehabiliteringsplassar, samt kartleggingsplassar, alt ettersom behov. Her er det blant anna pasientar med multiple, utfordrande diagnosar. Nokre treng tett oppfølging med palliasjon, symptomlindring og medikamentell behandling som intravenøs væskebehandling, antibiotika og oksygenbehandling.

Hjå oss vil du få ein variert praksis der vi har eit kontinuerleg og godt samarbeid med blant anna tildelingskontoret og heimesjukepleia for å kunne nytte desse plassane til det ytterste for pasientane.

Ved Vågåheimen forventar vi at du deltek aktivt i di praksisperiode ved at du syner interesse og stiller spørsmål undervegs. Vi forventar også at du møter utkvild og ferdig skifta på vaktrommet til vakta byrjar. Vi ynskjer at du gjev beskjed dersom du blir sjuk.

Praktisk informasjon

Arbeidsklede:

Vi nyttar kommunale arbeidsklede som du får låne. Ta med deg gode sko, som joggesko eller gode sandalar/helsesko.

Mat:

Det er kantine på Vågåheimen som tilbyr lunsj på kvardagar, samt eit lite utval kioskvarer.

Arbeidstid:

  • Vi arbeider turnus med dag- og kveldsvakter.
  • Dagvakt 07:30-15:00. Aftenvakt 14:45-22:00. Nattevakt 21:45-07:45.
  • Dei fleste arbeider kvar tredje helg, medan nokon har langvakter kvar fjerde helg.

Kontaktinformasjon:

  • Adresse: Moavegen 11A, 2680 Vågå
  • Telefon: 476 15 700

Du er velkommen til å ta kontakt!

FacebookEmailPrint