Logg inn eller lag ny bruker for å legge til som favoritt
Rus og psykisk helse
Her finn du informasjon for deg som skal være i praksis innan rus og psykisk helseteneste i Vågå kommune.
Foto: ShutterstockOm praksisplassen
Rus- og psykisk helseteneste er eit lågterskeltilbod for personar over 18 år som bur eller oppheld seg i Vågå kommune. Vi samarbeider med fleire ulike tenester, som til dømes NAV, helsestasjon, DPS og lege.
Kommunane Vågå, Lom og Skjåk har eit interkommunalt samarbeid om kommunepsykolog, der Lom er vertskommune.
Rus og psykisk helse i Vågå er ein del av Mental Helse Nord-Gudbrandsdal, og er i tillegg del av FACT Nord-Gudbrandsdal.
Vi har òg Huset, som er ein møteplass for sosialt samvær og ulike aktivitetar for brukarane våre. Tenesta skal bidra til god livskvalitet og fremje sjølvstende, meistring av kvardagen og daglege gjeremål.
Å vera i praksis hos oss
Dei som er aktuelle for praksis hos oss, er sjukepleiestudentar.
Kvardagen for oss som arbeider innan rus og psykisk helse i Vågå kommune består mellom anna av kartlegging og oppfølging av menneske med psykiske lidingar og/eller rusproblematikk. Dette inneber mellom anna samtalebehandling, tur- og treningsgrupper, samt utarbeiding og oppfølging av individuell plan og/eller behandlingsplan.
Praktisk informasjon
Arbeidstøy:
Vi brukar private klede.
Mat:
Vi har eige spiserom. Elles et vi på avdelinga.
Arbeidstid:
Vi arbeider på dagtid, på kvardagar.
Kontaktinformasjon:
- Rus og psykisk helseteneste har kontor i andre etasje på Vågå Helsesenter i Vågå sentrum.
- Adresse: Moavegen 20, 2680 Vågå
- Telefon: 48897211 (leiar)


