Logg inn eller lag ny bruker for å legge til som favoritt
Lom helseheim
Her finn du informasjon for deg som skal vera i praksis på Lom helseheim.
Foto: ShutterstockOm praksisplassen
Lom helseheim består av institusjon og kjøken. Det er totalt 27 plasser fordelt på korttid-/rehabilitering, langtids- og akuttplass. Tenesteområdet har følgjande organisering: ein tenesteleiar, ein avdelingsleiar, ein avdelingssjukepleiar og ein fagsjukepleiar.
Kjøkenet har ansvar for all matlaging til pasientane som bur her, i tillegg blir det laga og bringa ut middag til mange heimebuande eldre.
Lom Helseheim har fokus på velferdsteknologiske hjelpemidlar, dette for å gjere kvardagen til pasientane og tilsette tryggare. Vi nyttar velferdsteknologiske løysingar som til dømes alarmsmykkar, døralarmar, vandrealarmar og nattugle med kopling til mobiltelefon.
Vi har tverrfaglege møter kvar veke, saman med lege, fysio- og ergoterapi, heimetenesta og sakshandsamar frå tildelingskontoret.
Å vera i praksis hjå oss
På Lom helseheim ønskjer vi velkomen elevar, lærlingar og studentar innan ulike helsefagutdanningar, med ulik bakgrunn, erfaring og kompetanse.
Vi legg vekt på at du skal trivast i praksis hjå oss, og at du skal kjenne deg sett, trygg og inkludert i arbeidsmiljøet. Målet vårt er at du skal oppleve meistring, samtidig som du får høve til å utvikle deg og prøve deg på nye oppgåver i eige tempo. Vi tilpassar opplæringa etter dine behov og føresetnader.
Du vil få vere saman med fagleg dyktige kollegaer og ta del i både observasjon og utføring av ulike oppgåver. I hovudsak vil du ha ein rettleiar innan same profesjon som deg, men vi legg òg til rette for at du kan lære av fleire dersom det kan gje deg ein breiare og meir lærerik praksis.
Vi ynskjer at du bidreg til eit godt læringsmiljø ved å vere open, nysgjerrig og engasjert. Samtidig forventar vi at du følgjer våre retningslinjer når det gjeld arbeidsklede, hår, negler og smykke, og at du gir beskjed dersom du ikkje har anledning til å møte som avtalt.
Praktisk informasjon
Arbeidstid:
Som student vil du bli sett inn i eigen turnus, som i størst mogleg grad fylgjer rettleiaren(-ane) du har fått. Du vil arbeide todelt turnus med dagvakter og kveldsvakter. Er det ynskjeleg å prøve nattevakt og/eller langvakter, vil vi sjølvsagt legge til rette for det.
- Dagvakt: 07:30-15:30
- Kveldsvakt: 15:00-22:00
- Nattvakt: 21:45-07:45
- Langvakt: fleire alternativ
Matpause:
Alle tilsette har 30 minutter matpause i løpet av ein arbeidsdag. Denne er ikkje inkludert i arbeidstida.
Arbeidsklede:
Garderobe er i første etasje. Du får låne arbeidsklede. Sko må du skaffe sjølv. Arbeidskleda blir henta og vaska ved Lom vaskeri.
Sjukefråvær:
Er du sjuk og ikkje kan koma på arbeid, skal du gje beskjed til praksisplassen så snart som råd. Da ringer du vakttelefonen.
Røyking:
Røyking er ikkje lovleg ved kommunale arbeidsplassar.
Mobiltelefon:
Bruk av privat mobiltelefon i arbeidstida er ikkje ynskjeleg. Har du behov for å nytte denne, så gjer du det i pausa.
Kontaktinformasjon:
- Adresse: Krokamyrvegen 18, 2686 Lom
- Telefon:
- Avdelingsleiar Lom Helseheim: 40 43 79 41
- Vakttelefon Lom Helseheim: 48 89 64 77


