Logg inn eller lag ny bruker for å legge til som favoritt
Institusjonstenester
Her finn du informasjon for deg som skal vere i praksis innan institusjonstenester i Øystre Slidre kommune.
Foto: ShutterstockJuvike
Juvike er ein avdeling for personar med demens. Det er 12 plassar som er for langtidsopphald og avlastning. Miljøarbeid er en sentral del av demensomsorga.
Midthøgde
Midthøgde er ein langtidsavdeling med 12 plassar. Dei tilsette er helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Fokus er heilskapleg omsorg og god oppfølging av bebuarane
Institusjonskjøkken
Lærlingar i ernæringskokkefaget tek del i produksjonen av god og næringsrik mat til bebuarar på helsetunet og heimebuande, i tråd med faglege retningslinjer frå Helsedirektoratet.
Å vere i praksis eller lærling hos oss
Vi tek vi imot elevar, studentar og lærlingar i helsefaglege utdanningar. Vi tilbyr òg lærlingplassar innan ernæringskokkfaget.
Hos oss får du eit godt læringsmiljø, tett oppfølging og høve til fagleg utvikling i trygge rammer. Du vil møte dyktige og kunnskapsrike tilsette med fokus på heilskapleg omsorg, tryggleik for pasientane og høg fagleg kvalitet.
Praktisk informasjon
- Helsetunet har eige arbeidstøy som du får låne, men du må ha med gode sko.
- Det er eige garderobe.
- Moglegheit for kjøp av mat i kantine.
- Turnus.
- Du kan ta kontakt med Helsetunet på telefon: 61 34 28 70.


